- Det synest vi er rart. Vi har fleire doktorgradstilbod. Vi har eitt saman med Molde innan helse- og sosialfag som no er inne i sitt andre år, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Johan Roppen.

Han syner til at Molde også har hatt doktorgradstilbod i logistikk i mange år.

- Dette er gode forskningsmiljø som godt kunne fått litt meir, synest han.

Intet hurrarop i Volda

I framlegget til statsbudsjett får Høgskulen i Volda 333.637.000 kroner neste år, og det er ikkje noko å rope hurra for, ifølgje Roppen. Det same gjev direktør Jacob Kjøde jr. uttrykk for.

Leilinga sit tidleg torsdag ettermiddag og studerer tala, men varslar at dei vil kome med meir detaljert informasjon i løpet av nokre timar.

Roppen fortel at heile finansieringssystemet til høgskulane har vore lagt kraftig om frå i fjor til i år, og enda meir skal endrast til neste år.

- Nye studieplassar handar rett og slett om betre budsjett. Det eg kan sjå til no, ser ikkje slik ut. Vi er kanskje på gjennomsnittet.

Gir med eine handa og tar med andre

- Tromsø ligg an til 10 prosent økning, medan andre har 15 prosent nedgang. Det overordna inntrykket er at dei tar med eine handa og gir med den andre, seier Roppen og peiker på at Høgskulen i Volda har ei brei portefølje med forskning og studentproduksjon.

- Vi skulle gjerne att fleire stipendiatstillingar. Det er litt påfallande at det er null nye.

Doktorgradsstillingar er friske pengar, nye stillingar som gir vekst og omstilling, samt ny kompetanse i tillegg til dei som er der frå før og eventuelt dei som går ut.

Helsar til politikarane

- Alle politiske parti har programfesta at dei ønsker fleire statlege stillingar. Med fleire statlege organisasjoner i regionen ville en lett kunne prioritere Molde og Volda.

Eg håper politikarane kjenne si besøkelsestid og sender hilsen heim når dette skal handsamast, seier Johan Roppen.