– Eg er sjølvsagt skuffa over at eg ikkje er nominert på førsteplassen. Det å vere lengre nede på lista var ikkje så aktuelt for meg. Heilt uventa er det ikkje, det har lege litt i korta at dette kanskje kunne skje. Men eg hadde sjølvsagt håpt på å bli nominert, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel til NRK Sogn og Fjordane.

Lødemel er frå Hornindal, kommunen som har vedteke å slå seg saman med Volda og dermed ikkje vil vere ein del av Sogn og Fjordane frå 2020.

Han vil likevel halde fram som kandidat til nominasjonen er avgjort på nominasjonsmøtet til Høgre sitt fylkeslag på nominasjonsmøtet 29. oktober.

Her er nominasjonsnemda si samrøystes innstilling til valliste ved Stortingsvalet i 2017:

1.  Frida Melvær, Askvoll

2.  Bjørn Hollevik, Flora

3.  Sven Flo, Stryn

4.  Lise-May Sæle, Unge Høgre, Balestrand

5.  Morten A. Hagen, Vågsøy

6.  Anne Lilleaasen, Gaular

7.  Arnt Hovland Munthe, Senior Høgre, Sogndal

8.  Eli R. Førde Aarskog, Eid

9.  Karin Vikane, Sogndal

10. Olve Grotle, Førde