Mannen trudde han hadde lågare promille enn 0.2, men da han vart stoppa fekk politiet mistanke om at dette ikkje kunne stemme.

Politiet tok ein utandingsprøve av mannen som ga grunnlag for skjellig mistanke om at han ikkje var edru. Dermed vart han framstilt for blodprøvetaking. Denne viste at han hadde ein alkoholkonsentrasjon på 1.06 promille.

Tysdag vart det avsagt dom i Fjordane tingrett. Mannen tilstod forholda, og fekk ein fengselsstraff på 15 dagar på vilkår, med ei prøvetid på to år. På grunn av tilståinga fekk han ein strafferabatt på tre dagar.

I tillegg vart han dømt til å betale ei bot på 20.000 kroner. Han mista også retten til å føre bil i 21 månader.