Brimer AS på Kvamsøya varslar permitteringar. Alle tilsette har fått varsel om permittering, men det er berre eit fåtal som kjem til å bli permitterte, skriv Vestlandsnytt.

Administrerande direktør Håvard Haanes seier til avisa at ordresituasjonen for tida er «litt utfordrande på element over 15 meter».

– Vi kunne valt å ha alle på jobb, men må samstundes sjå kostnader og utgifter i samanheng. Ofte er det litt ordretørke på større tankar når vinteren står for døra, uttalar Haanes.

Brimer spesialiserer seg på å produsere tankar, vassbasseng og siloar av glasfiberarmert plast.

Direktøren seier at det har vore eit travelt år så langt.

– Vi har hatt mykje aktivitet, ikkje minst knytt til satsinga vår innan oppdrettsbransjen, seier Håvard Haanes.