I skisenteret Tusten i Molde går åtte snøkanonar døgnet rundt. Det skriv NRK Møre og Romsdal.

Lagar sole

Det er meldt kaldt ver heile veka, og målet er å lage ein sole av snø i anlegget. Dersom alt går etter planen kan skisenteret opne deler av anlegget allereie til helga.

Også på Strandafjellet vert det produsert kunstsnø, og håpet er å kunne opne barnebakkane i løpet av helga.

Usikre på opning

Ved Sunnmørsalpane skiarena Fjellseter i Sykkylven starta dei snøkanonane så smått i slutten av sist veke, og sidan søndag har dei gått for fullt.

- Vi har allereie store haugar med snø, men vi har ikkje diskutert når anlegget skal opnast, seier driftsleiar Ole Robert Strømme til NRK Møre og Romsdal.

På Bondalseidet, Ørsta skisenter, starta dei også med snøproduksjon denne veka.

Foto: Knut Arne Aarset