Villaksforkjemparen Jan Melseth frå Sykkylven har stor sans for den frittståande havforskaren Jens Chr. Holst sin hypotese om kva som skjer i Norskehavet, der laksen veks opp.

Difor har Melseth bede Holst sjå på 139 skjelprøver som vart tatt av fisk frå Aureelva i sommar.

– Matmangel

Skjelprøvene er rutinemessig analyserte av Rådgjevande biologar, og Jens Chr. Holst har studert mønsteret i resultata.

Liten pjakk: Jan Melseth i klekkjeriet i Sykkylven, med ein gytemoden småpjakk frå Aureelva på rundt eitt kilo.

– Vi ser tydeleg at fisken som har vore eitt år i sjøen er liten, i snitt rundt eitt kilo, og den er i dårleg kondisjon. Dette tyder på matmangel, seier Holst.

Den typiske smålaksen vert kalla pjakk på Sunnmøre, og har tidlegare dominert fangstane. Den skal vere gyteklar etter eitt år i havet. I Aureelva har pjakken normalt vore rundt 1,5 kilo i gjennomsnitt, ifølge Jan Melseth. Det same gjeld i elvar som Bondalselva og Ørstaelva.

– Det var mykje små pjakkar i Aureelva i år, mange under kiloen, men berre ein liten del er representert i skjelprøvene. Også i fleire andre av smålakselvane på Sunnmøre har det vore mykje småfallen pjakk dei siste 2–3 åra, seier Jan Melseth.

Aha-oppleving

Fordeling etter vekt (sjå graf) viser ein topp på fisk rundt eitt kilo, og ein annan topp på rundt tre kilo. Laksen på tre kilo har gått to år i havet.

Skjelprøver: Fordelinga av fisk etter vekt i Aureelva viser ein topp på rundt 1kg for fisk som har vore eitt år i sjøen og tre kilo for toårsfisk.

– Laksen slit med å finne mat det første året, fordi den konkurrerer med andre fiskeslag, i første rekkje den store makrellbestanden. Derfor er eittårsfisken liten, og i dårleg kondisjon. Mange må ta eit ekstra år i havet før dei er klare til å vende tilbake til elva. Desse har spist mykje mat, blant anna på grunn av ei sterk kolmuleårsklasse i fjor. Difor har det blitt mykje fisk på rundt tre kilo i smålakselvene, seier Jens Chr. Holst.

Jan Melseth i Sykkylven seier at han har fått ei aha-oppleving etter å ha sett seg inn i hypotesen til Jens Chr. Holst.

– Oppvekstforholda i havet for smolten er ei mykje større utfordring enn lakselusproblematikken, seier Jan Melseth.

– Dette er vel å banne i kyrkja i villaksmiljøet?

– Eg må ta omsyn til det eg ser, og dei erfaringane eg gjer. Og vi ser at pjakken nesten er vekke, og at han er liten, medan vi har fått meir fisk på rundt tre kilo. Vi kan og dokumentere at det er mykje yngel i elva, seier Melseth.

Havforskar Jens Chr. Holst meiner at fangstane i Aureelva i år støttar hans hypotese om konsekvensane av stort beitepress i Norskehavet, skapt av ein stor makrellbestand.

Forskar: Jens Chr. Holst er ein frittståande havforskar som er kritisk til forvaltninga av bestandane i Norskehavet. Arkivfoto

– Ser vi nøye etter finn vi mange andre effektar av overbeitinga. Sjøfuglar som alke, lomvi og krykkje er raudlista og lir med smålaksen fordi maten deira, planktonet og småfisken, vert ete opp av dei pelagiske fiskane. Men havsula, som livnærer seg av større fisk, som makrell og laksesmolt, gjer det godt.

Regimekritisk

Holst har lenge vore kritisk til det rådande havforskingsregimet i Norge, og har tatt til orde for å fiske ned mykje av makrellbestanden.

– Eg ber om at hypotesen om overbeiting vert testa seriøst mot det beståande regimet. Her veit eg at eg har mange fiskarar med meg, men eg kunne ønsket større engasjement frå for eksempel villaksmiljøet, ornitologane og miljøvernorganisasjonane, seier Jens Chr. Holst.