Tiltalt for overgrepsbilde mot barn

Ein mann i 40-åra frå ein kommune i Nordfjord er tiltalt for å ha overgrepsbilde mot barn.

Illustrasjonsbilde.  

Nyheter

Statsadvokaten har tatt ut tiltale mot ein mann i 40-åra som ved fleire høve før hausten 2014 skal ha hatt omlag 300 bilde som viser seksuelle overgrep mot barn.

Mannen er også tiltalt for å ha brote eit forbod han hadde overfor ei kvinne.

Strafferamma for det strengaste punktet i tiltalen er fengsel i inntil 3 år. Saka skal opp for Fjordane tingrett 20. desember.