Volda kommune starta i fjor haust gransking etter at arbeidstakarorganisasjonar og hovudverneombod i juni same året varsla om dårleg arbeidsmiljø i helse- og omsorgsektoren.

Stamina Bedriftshelseteneste har gått grundig gjennom arbeidsmiljøet, og konklusjonen er no klar:

–Tilsette i helse- og omsorgssektoren har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og motiverte tilsette som er glade i jobben sin. Men det er også utfordringar i sektoren, særleg knytt til leiing, kommunikasjon og tillit, ifølgje ei pressemelding frå rådmann Rune Sjurgard.

Har sett i verk tiltak

Kommunen har allereie sett i verk fleire tiltak for å kome utfordringane i møte, ifølgje pressemeldinga.

I varselbrevet kom det fram uro for høgt og aukande sjukefråvær, at det hadde utvikla seg ein «fryktkultur» der tilsette ikkje våga å ta opp ting, og at der var utfordringar knytt til kommunikasjon og tillit.

Etter ein lang prosess som har involvert omlag 380 tilsette, har Stamina samla inn eit omfattande materiale og sluttrapporten er no klar.

Opplever slitasje

I rapporten kjem det mellom anna fram at tilsette opplever slitasje relatert til sjukefråværet.

Bruken av vikarar, og utfordringar med opplæring og meirarbeid på dei fast tilsette, gjev negative konsekvensar for arbeidsmiljøet i enkelte einingar.

Ifølgje rådmannen har sjukefråværet i sektoren gått ned frå 12,18 prosent i ein periode i 2014 til 9,05 prosent året etter.

– Sjølv om fråværet i sektoren har gått ned, tek vi på alvor den opplevinga dei tilsette sit med, og det å få redusert fråværet ytterligare er eit viktig mål for sektoren, seier Sjurgard.

Engstelse og utryggheit

Stamina finn ikkje at det råder ein «fryktkultur» i sektoren. Likevel peikar dei på at arbeidsmiljøet til ein viss grad er prega av engstelse og utryggheit blant enkelte, og at dette hindrar fleire i å seie i frå om kritikkverdige forhold.

Dei peikar på at tilsette har for lite kunnskap om plikt til medverknad og vanleg saksgang i konfliktsaker.

Etter forslag frå Stamina er sektoren no i gang med tiltak for å auke kunnskapen blant dei tilsette om arbeidsgjevars og arbeidstakars rettar og plikter, samt vanleg saksgang i konfliktsaker.

Store einingar gir utfordring

Ifølgje pressemeldinga er rapporten mest tydeleg på området leiing, kommunikasjon og tillit.

Utfordringane er knytt til både roller, ansvar og struktur, frå helse- og omsorgssjefen til einingsleiarar og til deira teamleiarar. Oppleving av distanse svekker tilliten, og mange etterlyser tydelege mål, visjonar og retning for sektoren.

Stamina peiker på fleire tiltak for å betre dette.

For det første må sjølve arbeidsmiljøprosessen følgjast opp på ein god måte.

Stamina gjev også råd om at  Volda kommune evaluerer omorganiseringsprosessen som vart gjennomført i 2014. Funn i undersøkinga viser til store og uoversiktelege einingar med eit krevjande personalansvar.

Stamina stiller også spørsmål om utfordringane i sektoren er for store, og anbefaler at rådmannen set i gong ein prosess med helse- og omsorgssjefen. Dei anbefalar også at ein set i gong systematiske kompetansehevande tiltak, på ulike tema.

Set i gang fleire tiltak

Volda kommune får ifølgje pressemeldinga ros for å ha teke situasjonen på alvor og for raskt å setje i gang undersøkingstiltak.

–Oppfølging av rapporten har høg prioritet. Det vert lagt vekt på å utvikle og setje i gong tiltak som skal betre dei forholda som er påpeikt i rapporten, seier Sjurgard som vil samarbeide med dei tillitsvalte og leiarane i sektoren for å sikre god forankring.

Rådmannen synest det er positivt at kommunen har fått fram ein samla rapport for arbeidsmiljøet i helse- og omsorgssektoren, og han rosar dei tilsette som har bidrege positivt i ein lang og krevjande prosess.

–Det er naturleg nok store forventningar til den vidare prosessen, og sjølv om det no vert sett i gang mange tiltak, så er det viktig å ha tolmod til at endringar også vil ta litt tid, seier Sjurgard og held fram:

–Det er tryggande å vite at vi har kompetente tilsette som er glad i jobben sin, og som viser motivasjon og engasjement. Dette er det viktigaste for å skape eit godt arbeidsmiljø og for at vi skal lukkast i den vidare prosessen.

Dei hovudtillitsvalde som representerer sektoren og tidlegare hovudverneombod stiller seg bak innhaldet i pressemeldinga.