Fotografen Ma Ortiz frå Ørsta har blitt landskjent for sine «tyll på tind»-bilete, der ho har fotografert seg sjølv i finstas på ulike fjelltoppar.

No kjem boka «Tindekvinder», som også har fokus på pynta kvinner som blir fotograferte på fjelltoppar. Bokomslaget er eit bilete frå Slogen, akkurat som coveret på Ma Ortiz si bok «Tyll på Tind».

Reagerer

På si facebookside skriv Ma Ortiz: «Dette er noe av det jeg reagerer på. De har samme konsept som meg- og så velger de å ta coverfoto akkurat på samme sted som jeg gjorde.. Det er litt for likt plagiat.. Synd at de ikke kunne velge gjøre det litt mer til sin greie- istedenfor å tilsynelatende kopiere mitt konsept!»

Til Sunnmørsposten seier Ortiz at ho vart svært overraska då ho vart kjent med den nye boka, som kjem ut på forlaget Fantastiske Osberget i Ulsteinvik.

– Å gå med kjolen er ein del av reisa, seier Ma Ortiz, her på veg mot toppen.

– Eg registrerer at «Tindekvindene» skal gi ut ei bok som ved første augekast kan synest å ha lagt seg ganske tett opp til min idé og mitt eksisterende konsept «Tyll på Tind». Slik eg ser det må dei openbart ha blitt inspirert av mitt produkt, som for så vidt er smigrande nok, seier Ma Ortiz.

– Kjem du til å følge opp dette?

– Denne saka er så fersk, at eg ikkje har rukke å ta stilling til kva eg eventuelt skal gjere vidare. I første omgang må eg sette meg ned og sjå i boken deira. Så får eg sjå kva eg bestemmer meg for.

– Ulike inni

Magne Grimstad jr. i Fantastiske Osberget er på si side overraska over reaksjonen til Ma Ortiz.

– Ho har kontakta meg i dag (fredag), og det gjorde meg overraska. Eg har ikkje sett hennar bok før, og har ikkje hatt den i tankane når vi har jobba med boka om «Tindekvindene».

– Så det er tilfeldig at bøkene ser heilt like ut?

– Når vi ser på framsidene så forstår eg at ho reagerer, men i innhald er dette heilt ulike bøker. Ho er ein profesjonell fotograf, som eg gjerne vil gi ros til, medan dei som har skrive vår bok er amatørar som er ein del av ein folkebevegelse. Det er også eit poeng at dei første kvinnene som gjekk på ski brukte å gå i kjolar, så også det er ei inspirasjonskjelde. Dette er to ulike konsept som utfyller kvarandre, og vi bør løfte kvarandre fram, seier Grimstad.