Statens vegvesen seier nei til å sette inn nattferje på strekninga Volda-Folkestad, slik det var før 1. juli 2013, melder Møre-Nytt - og viser til eit skriv frå seksjonsleiar Victor Størdal til Volda kommune.

– Det vil ikkje verte gjennomført endringar i rutetilbodet i 2017. For det første er trafikken på ferjesambandet redusert med nesten 40 prosent sidan 2012. I 2015 frakta sambandet 282.276 køyretøy, mot 409.160 i 2012. Dagens ruteplan er utarbeidd med tanke på trafikkmengda som var i 2012. Dette talar for at rutetilbodet på ferjesambandet er meir enn godt nok slik det er i dag, heiter det i skrivet ifølgje avisa.

Det å få att nattferja har vore eit krav frå kommunen, og av skrivet framgår det at vegvesenet forstår at det er ønske om slik ferjeavgang på natt.

Agrumentet, om at det er auka tungbiltransport, kjøper ein likevel ikkje.

- Her må vi peike på at tungtrafikken er redusert med heile 13 prosent frå 2014 til 2015. Det er per i dag ikkje økonomiske rammer for å auke rutetilbodet på natt, skriv Størdal. Han viser til at ein ser at fleire trafikantar vel Kvivsvegen framfor alternativet om Volda Folkestad - og konkluderer med at rutetilbodet på Volda - Folkestad er tilfredsstillande.