Tapte i kommunen, fekk medhald hos KOFA:

Invi AS varslar søksmål mot Haram kommune

INVI AS jobbar no med eit søksmål mot Haram kommune etter at dei fekk medhald i Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA).

I strupen på kommunen Invi AS med nokre av aksjonærane (f.v.) Arild Remmereit, arkitekt Harald Hjelle, Bjørn A. Skjelten og Leif Hofseth ved Haram kompetansepark. Aksjonærane Veibust AS og Honami Kowata var ikkje til stades. 

Nyheter

Det melder avisa Nordre.

Kommunen har bestemt å samle mange funksjoner til eitt kommunehus i Brattvåg og har også vedtatt å gå for ei løysing for Samfjordkvartalet as. Kommunen treng sårt betre arbeidstilhøve.

Tapte anbod om nytt rådhus

Invi AS ville levere lokala til nytt rådhus i Haram, men tapte altså for konkurrenten Samfjordkvartalet AS.

Dei klaga kommunen si handsaming av saka inn for Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) og fekk medhald.

Ulovleg direkteanskaffing

KOFA seier at avtalen til 186 millionar kronar vil vere ei ulovleg direkteanskaffing.

Dette vart kunngjort på Doffin 15. november.


Kofa ga klage frå INVI AS medhald:

– Avlys konkurransen om kommunehus i Haram

Haram kommune har gjort feil frå starten av når det gjeld konkurransen om kommunehus. Det er konklusjonen frå KOFA.

Ifølgje Invi sin advokat har dei 30 dagar på seg for å reise søksmål til kommunen - til midten av desember.

Nordre skriv at det ikkje er kjent kva Invi AS ønskjer å oppnå med søksmålet, men at det kan tyde på at Invi vil stoppe den avtalte utbygginga.