Selje hotell:

Teknikarane ferdige på brannstaden

Tre tekniske etterforskarar frå Kripos, saman med folk frå Etrygg, er no ferdige med å granske den utbrende delen av Selje hotell.

BRANNRUINAR Romfløya ved Selje Hotell vart totalskadd i brann natt til fredag i førre veke.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Vi har enno ikkje nokon brannårsak, men vi er optimistar og trur vi skal greie å finne ut kvifor det tok til å brenne i hotellet, seier lensmann Tormod Hvattum.

Romfløya til Selje hotell vart totalskadd i brann natt til fredag i førre veke.


Eieren vil bygge opp igjen Selje Hotel

De svenske eierne av hotellet som ble rammet av brann er kommet til Nordfjord.

Ein taktisk etterforskar frå Kripos er framleis i Selje for å hjelpe til med etterforskinga.

Så langt ser det ut til at brannen starta i eit rom på sjøsida av hotellet.

– Teknikarane har teke med seg gjenstandar som skal granskast nærare, seier Hvattum.

Les også: Hotellbrannen startet trolig på sjøsida

Han legg til at det er ikkje spor etter innbrot i hotellet som var stengt for vinteren.

Hittil er eit trettitals personar avhøyrde i saka.