På årsmøtet i Fiskebåt Vest i Ålesund fredag klaga styreleiar Paul Gustav Leinebø på at fiskebåtreiarar i Sør-Norge har avgrensa mulegheit til å kjøpe kvotar frå Nord-Norge, medan det er fritt fram andre vegen.

–Nord-sør bindingane står som ein Berlinmur i norsk fiskerinæring, sa styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest, på årsmøtet i Ålesund fredag.

–Må vere likt

Han utfordra politikarane i sør til å lære av dei i nord når det gjeld å stå på for landsdelen. I salen sat Oskar Grimstad, som er fiskeripolitisk talsmann for Framstegspartiet. Han tar utfordringa.

–I Nord-Norge har dei klart å skape eit inntrykk av at resten av landet klarer seg bra, og at dei i i nord treng særbehandling. Men sanninga er at dei gjer det godt i fiskerinæringa i nord også. Det er også ein myte at fiskerettar går frå nord til sør. I det siste har vi sett at kvotar, også havfiskekvotar har blitt selde frå sør til nord, seier Grimstad.

–Vil du rive «Berlinmuren»?

–Fordelane dei har i nord bør jamnast ut slik at det er dei som er flinkast som får tilgang til fiskerettar. Skal vi bli meir effektive, må vi legge til rette for dei flinkaste. Vi må ha likebehandling, seier Oskar Grimstad.