Tysdag ettermiddag slo sterke vindkast innover kysten, og Måløybrua vart stengd for trafikk. Ferje og hurtigbåt vart også innstilt.

Dermed vart rundt 75 skuleelevar ved Vågsøy ungdomsskule vêrfaste på skulen. Det var NRK som melde om dette først.

– Ein del elevar ordna seg sjølve, men vi hadde rundt 75 som ikkje kom seg heim og måtte bli igjen på skulen, fortel rektor Kåre Bakke.

Det vart mat på skuleelevane som måtte "sitte igjen". Foto: Kåre Bakke

Elevar og lærarar ordna seg i klasseromma med mat, film og spel, og forberedte seg på å overnatte. Men det slapp dei heldigvis:

– Kvart over fem var den siste eleven borte. Det letta litt no, fortel rektoren til Smp.no klokka 17.45.

Han trur elevane har hatt det fint, men dei fleste var nok glade for å kome seg heim til juleferie.

– Eg har jobba ved skulen sidan 1987, men det er første gong vi har blitt vêrfaste. Tidlegare har vi fått litt tid til å forberede oss og sende elevar heim før, men i dag kom det så plutseleg at vi ikkje var forberedt, seier Bakke.