Konkurs i Remøy-selskap

Det er opna konkurs i MJ Eigedom - tidlegare Olympic Holding, melder nett.no.

Stig Remøy. Arkiv.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Ifølgje nettstaden nett.no (krev betaling) er det selskapet sjølv som har meldt oppbod. Det er snakk om ei gjeld på 370 millionar kroner og Stig Remøy sitt selskap SRR Invest er største kreditor.

Olympic Holding skifta namn til MJ Eigedom 20. desember i år. Konkursen vart opna 21. desember.

Då rekneskapen og årsmeldinga for Olympic Holding 2015 vart vedtatt i sommar, var det morselskap i Olympic-konsernet, som omfatta både offshorereiarlag og fiskeri, skriv nett.no.

Etter dette har det skjedd ei vesentleg omorganisering.