Ekorneskonsernet merka i 2016 effekten av tiltaka som var sett i gang for å betre drifta, etter at gule lampar tok til å lyse.

– Vi har ein god likvid situasjon og det har ikkje vore raude tal, men vi måtte gjere tiltak for å betre konkurransesituasjonen, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes til Sunnmørsposten.

Eit av tiltaka var å slå saman dei to sofafabrikkane og flytte all produksjon til Sykkylven. Eit anna tiltak var å effektivisere administrasjonen. Dette er no gjennomført.

– Ein slik prosess vil alltid vere krevjande for den einskilde, men dei tilsette har samarbeidd godt for å få det til, seier konsernsjefen. Ein har mellom anna forhandla fram sluttpakkar for nokre av dei tilsette.

Det langsiktige målet for Ekorneskonsernet er å kome opp i ein driftsmargin på over 15 prosent. I 2015 var ein nede på 9,5 prosent. Historisk har ein sett driftsmarginer opp under 20 prosent. Holst-Dyrnes fortel at gunstig norsk kronekurs på sikt kan hjelpe på lønsemda, men effektene av dette vil ikkje kome før i 2018, når ein er ute av valutasikringskontrakter som vart inngått tidlegare.

Olav Holst-Dyrnes, som legg til at konsernet har stort fokus på logistikk.

– Utviklinga med meir transport til sjø held fram. No går det inntil to båtar frå Sykkylven kvar veke med møblar, seier han.