Fiskebåt ser det som positivt at arbeidet med å verne viktige gyte- og oppvekstområde ser ut til å lykkast, sjølv om arbeidet enno ikkje er i mål, verken i forhold til endeleg avklaring eller var av alle aktuelle område.

- Det er likevel alvorleg at politikarane ikkje tar med Møre, når ein drøftar konsekvensutgreiing i Lofoten og Vesterålen. Det seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Vitige gyteområde

- Bestanden av norsk vårgytande sild er den viktigaste dynamoen i økosystemet og er også ein svært viktig økonomisk ressurs. Tradisjonelt har også ein vesentleg del av torsken gytt utafor Møre. Desse områda er difor sårbare og svært viktige for store delar av fisket, seier Maråk.

Skuffa

Arbeiderpartiet har tidlegare gått inn for at heile Lofoten, Vesterålen og Senja skulle opnast for konsekvensutgreiing. No er det berre Høgre og Framstegspartiet igjen på Stortinget som ønsker dette.