Ørskog

Aure ønsker å trekke seg som varaordførar

Geir Peter Aure (V) signaliserer at han vil søke fritak fra vervet.

Geir Peter Aure. ARKIVFOTO: NILS HARALD ÅNSTAD 

Nyheter

Varaordførar Geir Peter Aure ønsker å trekke seg frå vervet som varaordførar i Ørskog. Ørskog-ordførar Karen Simonnes Aanes har vore sjukmeldt i lengre tid, og er nå sjukmeldt i 50 prosent fram til 27. januar.

– Det går ei grense for å få vervet som varaordførar til å gå i hop med den nye arbeidssituasjonen min. Den grensa er nådd no, seier Aure til Sunnmørsposten.

Med ein sjukemeldt ordførar, har varaordføraren fått mange fleire oppgåver, men no er altså ordførar Karen Simonnes Aanes tilbake i halv stilling.

– På formannskapsmøtet der situasjonen vart drøfta, sa ordføraren at ho ville prøve å komme tilbake i full jobb. I verste fall kan det bety at eg må halde fram med å vikariere. Eg har gått nokre rundar med arbeidsgjevaren min i Ålesund kirkelege fellesråd, og har kome fram til at varaordførarvervet ikkje kan kombinerast med jobben som nestleiar i fellesrådet, seier Aure.

Aure har tidligare gitt uttrykk for at han opplever å ikkje ha fått nok informasjon om oppgåvene han skal ta over som varaordførar.

– Er det eit vanskeleg klima i Ørskogpolitikken for tida?

– Diskusjonen om kommunereforma har vore hard, men no er dette spørsmålet avgjort, seier han.

– Dersom ordføraren må trekke seg, kunne du kanskje ha tenkt deg å overta?

– Det har aldri vore aktuelt, slår Geir Peter Aure fast.


Diskuterte sjukemelding i Ørskog:

– Varaordføraren bør få ei klarare rolle

Varaordføraren bør få ei klarare rolle i den perioden ordføraren i Ørskog er halvt sjukemeldt.