Fekk ikke køyre vidare med desse

Ein bilførar har fått bruksforbod på grunn av store bremsefeil etter at Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs.
Nyheter

Det var store sprekker i bremseskivene, melder vegvesenet på Twitter. Ein bilførar fekk også køyreforbod for manglande sikring av last.


Vegvesenet tek ofte både bilførarar og lastebilsjåførar i kontrollar ved Kjøs i Hornindal. Tysdag fekk fleire sjåførar bruksforbod på grunn av ting i frontruta. Ein sjåfør vart også teken for brot på køyre- og kviletid - til tross for at sjåføren hadde prøvd å snike seg unna ved å manupilere fartsskrivaren med ein magnet.