Jan-Hugo Holten har tidlegare vore fagansvarleg for maritim- og oljeureining i Norges miljøvernforbund, og jobba med beredskap og tryggleik på sjøen. Han meiner at Stad skipstunnel kan vere ei brannfelle. Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette.

Holten viser til rapportar som fortel at Kystverket ser på brannfaren som liten, og dermed meiner han at ein ikkje bur seg på at det utenkjelege faktisk kan skje. Frykta er at ein passasjerbåt må evakuere hundrevis av passasjerar under ein brann inne i fjellet.

Forferdeleg situasjon

– Eg trur det vil bli ein ganske forferdeleg situasjon. Eg spør meg om risikoen for desse menneska, og kven som skal berge dei. Faglege rapportar legg til grunn at folk skal kome seg ut av tunnelen sjølve trass varmen og røyken. Korleis skal til dømes ein pensjonist i rullestol då greie å overleve ein brann, spør Holten.

Prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen, er heilt usamd med Holten. Han er klokkeklar på at tunnelen vil vere trygg. Til NRK seier Andreassen at sannsynet for at det vil skje ein brann som fører til at ein båt må stoppe inne i tunnelen er ein gong per 840.000 år.

12 minutt

Prosjektleiaren fortel at ei passering gjennom skipstunnelen vil ta 12 minutt, og at båtane skal gå gjennom tryggleiksrutinar for å sikre klart skip før dei går inn. Første tiltak ved brann vil vere at båten køyrer ut av tunnelen. Gangbaner på begge sider skal sikre evakuering av båten om han ikkje kjem seg ut.