Oppdatering 14.45: - Bilføraren er tatt med av luftambulanse etter ulykka. Akkurat kva som har skjedd er ikkje på det reine, men vedkommande har truleg blitt akutt sjuk, fortel operasjonsleiar Franck. Den andre personen i bilen skal ifølgje politiet ikkje vere skadd.

Det har vore ei trafikkulykke på E39 i Vestnes, torsdag ettermiddag, melder politiet.

- Ulykka har skjedd like ved ferjekaia på Furneset. Ein bil med to personar i har køyrd av vegen, sa vakthavande operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck til smp.no klokka 14.

Eit kvarters tid seinare seier operasjonsleiaren at både politi, brannvesen og helsepersonell er på staden, men at ein førebels ikkje kan seie noko om kor vidt nokon er skadd.