Ørskog-ordføraren fekk fritak

Under eit kommunestyremøte i Ørskog kommune har ordførar Karen Simonnes Aanes (Ap) søkt om fritak frå vervet.

Ordførar Karen Simonnes Aanes (Ap) søkte om fritak frå vervet  Foto: Johan Behrentz

Nyheter

Ørskogordføreren om offentlighet rundt egen sjukemelding:

– Har vært ubehagelig

– Det har vært ubehagelig å føle at det blir sådd tvil om egen sjukdom.

Møtet starta klokka 18, og deler av møtet går bak lukka dører. Før dørene blei lukka sa ordførar Aanes at det er kome opp ei ny sak som omhandlar søknad om fritak for ordføraren.

Rundt klokka 20 vart det klart at Ørskog kommunestyre godtek søknaden frå Karen Simonnes Aanes samrøystes for resten av perioden. Det gjeld alle verv. Grunngjevinga er helsemessige årsaker.

Knut Harstad, medlem av formannskapet for Høgre, orienterte om vedtaket og sa det var leit at ho hadde hamna i ein slik situasjon.

– Det har vore ein krevjande periode, sa Harstad.

Helsa svikta

Ordførar Karen Simonnes Aanes seier i ein kommentar til Sunnmørsposten at ho i utgangspunktet tok på seg ordførarvervet med stor iver og lyst, men det vart tøffare enn ho hadde rekna med. Helsa svikta, og ved eitt høve måtte ho i hast sendast til sjukehus. Det er blitt fleire kortare sjukemeldingar.

– I motsetnad til mange av mine ordførar-forgjengarar måtte eg gå inn i ei krevjande sak om kommunesamanslåing i tillegg til andre oppgåver. Det ble mange møte og mykje ekstraarbeid, seier den avtroppande ordføraren,som hausta ståande applaus og ferske blomar då ho forlot kommunestyret.

– Eg har heile tida kjend støtte frå mitt eige parti og kommunestyret. Men einskildpsersonar har ikkje alltid hatt same forståing, seier den avtroppande ordføraren til Sunnmørsposten.

Utsette

Knut Harstad (t.v) og Olav Kjetil Sjøholt.  Foto: Johan Behrentz

Saken om Simonnes Aanes stor ikkje på saklista. Det gjorde derimot søknad om fritak frå varaordførar Geir Peter Aure (V/KrF).  Men med ni mot åtte røyster utsette kommunestyret handsaminga av søknaden til varaordføraren.

Samtidig vert det relativt raskt tillyst eit ekstraordinært kommunestyre der saka vil verte handsama. Der vil det òg kome opp forslag om ny ordførar.

Etter det smp.no forstår vil Høgre foreslå Olav Kjetil Sjøholdt (H) til ny ordførar.

Ville handsame

Aps Arne Abelset ville handsame den relativt utfyllande søknaden om fritak for varaordføraren under kveldens kommunestyre. Det same ville Frps Thorbjørn Fylling, sidan det ikkje var nokon formell søknad frå varaordføraren. Med knappast mogeleg fleirtal vart det utsetting.

Etter handsaminga av søknaden fra Karen Simonnes om å gå av med ein gong, vart kommunestyret vidare leia av Høgres Knut Harstad.

Les også: Aure ønsker å trekke seg som varaordførar

Diskuterte sjukemelding i Ørskog: – Varaordføraren bør få ei klarare rolle