Salssjef Frode Sporsheim fortel at dei mellom anna har fått ein ny designar på laget: Runa Klock.

Runa Klock. Foto: GRY STØRE

Ho kjem opphavleg frå Sjøholt, men er no busett i Oslo.

– Vi har lenge vore på jakt etter ein kvinneleg designar. Det har vi sikra oss no, og vi har fått ein svært spanande designar i Runa Klock, seier Sporsheim.

Fikk du med deg denne: Fleire droppar møbelmessa i Stockholm i år

Klock har teikna bordserien Root, som består av seks bord i ulike formar, storleikar og høgder. Felles for alle seks borda er at dei er i loungehøgde, og kan nyttast åleine eller i ein kombinasjon.

Les også: Runa Klock stiller ut i London

Salssjefen fortel at Klock har late seg inspirere av naturen.

Bordplata er laga av valchromat, som er organisk gjennomfarga og framstilt av restprodukt frå skogbruks- industrien.

Heder til Epleslang: Runa Klock fra Ørskog er tildelt Hedersprisen for god design

Camp

Ei anna nyheit på messa frå Fora Form er stolen Camp, designa av duoen Anderssen & Voll.

– Dei to er mellom dei mest internasjonale designarane vi har her i Norge. Det er også dei to som har designa sofa- systemet Senso, ein av dei største salssuksessane våre dei siste åra, seier Frode Sporsheim.

Fora Form har allereie loungestolen Planet, teikna av Sven Ivar Dysthe.

Stolen Camp kjem med både kort og lang rygg.

Camp er komponert av få, men tydelege element: To mjuke puter, som står oppspent i eit omsluttande armlene.

Kvart

KVART Den nye bordserien frå Fora Form er designa av Lars Tornøe, og har fått namnet Kvart.

Eit nytt bordsystem blir også vist fram på Stockholmessa i år, med Lars Tornøe som designar.

Dette er bordsystemet Kvart, med ein spesiell understellskonstruksjon.

– Lars Tornøe har vi samarbeidd med i lang tid. Det er han som mellom anna har designa stolen Con og Copenhagen for oss, seier Sporsheim.

– Vi har jobba med å få på plass dette bordet i tre år. No har vi det klart, og vi reknar med å selje det i mange år framover. Det nye og enkle understellet gjer bordet svært fleksibelt, meiner salssjef Frode Sporsheim.