Arrangørane streamar konferansen live, følg den via smp.no

I dag arrangerer arrangerer Haram Næring og Innovasjonsforum Haramskonferansen. Konferansen, som finn stad i Ingebrikt Davik-huset, er eit samarbeid med Ålesund Kunnskapspark (Åkp) og Haram kommune.  Konferansier er Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

Tema for årets konferanse er «Omstilling i regionen», og programmet er som følgjer:

  • 09.45–10.00 Ordførar Vebjørn Krogsæter, Haram kommune

  • 10.00–10.30 Statsminister Erna Solberg

  • 10.30–11.00 Direktør Knut E. Sunde, Norsk Industri Rammevilkår for konkurransedyktig produksjon i Norge

  • 11.00–11.30 President Mikael Makinen, Rolls Royce Marine AS Marin industri i omstilling

  • 11.30–12.30 Lunsj

  • 12.30–12.45 Ungdomskoret Uhørt Kulturinnslag

  • 12.45–13.05 Professor Hans Petter Hildre, NTNU i Ålesund Utdanning og forsking i nært samarbeid med næringslivet

  • 13.05–13.25 Adm dir Henning Borgen, SINTEF Ålesund SINTEF Ålesund – rolle i nyskaping og omstilling

  • 13.25–13.50 Adm dir Kjell Norvoll, Nogva Motorfabrikk AS Nogva Motorfabrikk AS. Frå bygdesmie til internasjonal teknologibedrift. Kva med framtida?

  • 13.50–14.05 Seniorrådgiver Jan Børre Rydningen, ÅKP Blue Ocean Innovation Arena

  • 14.05–14.20 Pause

  • 14.20–15.30 Professor Frank Aarebrot Kommentar til temaet i konferansen

  • 15.30 Slutt

Når det gjeld statsministeren, har ho eit tettpakka program under besøket. Etter konferansen reiser Solberg vidare til bedrifta lmatec Pyro på Gamlem i Søvik. Bedrifta har utvikla ei løysing for varmegjenvinning på fiskebåtar, skip og riggar.

Etter dette får Solberg skyss med redningsskøyta «Idar Ulstein» til Ulsteinvik og Ulstein Expo. Der har Solberg invitert verft, reiarlag og utstyrsleverandørar på Sunnmøre til eit møte for å diskutere situasjonen i næringa og utsiktane fremover, og mellom deltakerane er Ulstein, Kleven, Fiskerstrand Verft, Rolls-Royce, Ulmatec, Farstad, Sølvtrans, NTNU Ålesund og GCE Blue Maritime.

Statsministeren avsluttar sunnmørsbesøket på Røde Kors-huset i Ørsta. Der skal ho først møte ungdommar i Ørsta Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp (RØFF) som driv med trening og opplæring ute, før ho er til stades under årsmøtet til Røde Kors sin besøkstjeneste i Ørsta. Statsministeren får også omvising på Røde Kors-huset.

Statsminister Erna Solberg saman med president Mikael Makinen, Rolls Royce Marine. Foto: Staale Wattø
Erna Solberg er på Sunnmøre tysdag. Her på veg inn på Haramskonferansen saman med Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter. Foto: Staale Wattø