Ti gonger om hausten og ti gonger om våren skal elevane frå Selje og Stadtlandet reise ut til Hoddevik for å lære seg å surfe, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Rektor på Stadlandet ungdomsskule fortel til NRK at dei berre har fått positiv respons frå elevane på dette.
– Det er mange elevar som tidlegare ikkje ville vere vatnet, men no er vande med og komfortable i surfebølgene. Det har vore utruleg positivt for alle, seier han.