Ny fotokonkurranse i forkant av X2-Festivalen

Sunnmøre i fem «fotoshots»

Går det an å vise fram heilt nye sider av Sunnmøre med fem bilde av natur og aktivitet?

Vill natur Dette bildet var eitt av finalistbilda i fotokonkurransen XMoment. Dette eit eksempel på korleis bilda kan vere i den nye fotokonkurransen. 

Gler seg Fotoansvarleg for X2 Festivalen gler seg til å sjå bidraga som kjem inn under fotokonkurransen SPC 2017. 

X2 Festivalen
  • Ein friluftsliv- og musikkfestival som blir arrangert 20.–23. april.
  • Har base i Ørsta og Volda, men tek i bruk fleire plassar på Sunnmøre.
  • Er i år arrangør av over 80 kultur- og sports-arrangement.
  • Blir vertskap for rundt 400 utøvarar som skal konkurrere i meir enn 15 ulike sportsgreiner.
  • I år ventar arrangørane rundt 4.000 betalande deltakarar.
Nyheter

Det er i alle fall det ein håpar å få til gjennom konkurransen Sunnmøre Photo Challenge 2017 (SPC 2017).

Konkurransen er ny av året, og blir arrangert av X2 Festivalen i samarbeid med Sunnmørsposten.

– Målet er at bilda skal vise fram kva vi kan by på i vår region. Kvart lag skal produsere ein serie på fem bilde som viser fram den vakre naturen vi har her på Sunnmøre, kombinert med sport og aktivitetar. Berre kreativiteten set grenser for kva ein kan gjere, forklarer fotoansvarleg for X2 Festivalen, Olav Standal Tangen.

Må skape engasjement

Han fortel at laga skal bestå av ein fotograf og minst ein utøvar, men det er ikkje grenser for kor mange ein kan involvere for å få gjennomført ideane.

– Å skape engasjement om prosjektet er ein del av konkurransen. Laga skal oppdatere kva dei driv med undervegs i konkurransen, slik at publikum kan følgje med.

Oppdateringane blir lagt i ein eigen news-feed på internettsidene til Sunnmørsposten. Konkurransedatoane er 7.–9. april. Denne helga kan laga bruke så mykje tid dei vil på prosjektet.

Kan vinne pengar

Vinnaren blir kåra under X2 festivalen, som går føre seg 20.–23. april.

– Det blir kåra ein publikumspris basert på innsats og evne til å lage engasjement, og ein fagjurypris av den beste bildeserien. Vinnarane får ein pengepremie på 5.000 kroner.

– Det er avgrensa kor mange som kan delta. Difor må folk melde seg på. No håpar vi at folk som trur dei kan hevde seg i denne konkurransen, vil sende inn ideane sine. Påmeldingsfrist er sett til 11. mars, seier Tangen.

Vinnarbildet og vinnarvideoen i XMoment i 2015.