Talet på bønder har gått ned gjennom fleire tiår, og i nokre bygder er det slik at bøndene som er igjen ikkje klarer å drive all jorda, heiter det i meldinga. Meldinga skal handsamast av fylkestinget i juni i år.

«Nedbygging av jordbruksareal er langt på veg ein irreversibel prosess - og ei stor utfordring både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Vern av arealressursane er fundamentet for å halde oppe lokal matproduksjon, god matvareberedskap og levande kulturlandskap», heiter det vidare. Møre og Romsdal må halde omdisponert areal dyrkamark under 200 dekar i året for å ta sin del av den nasjonale målsetjinga.

I meldinga heiter det vidare at landbruket må få ein større plass i beredskapsarbeidet enn før. Næringskjedane har blitt forandra på få år. Produksjon basert på lokale ressursar har blitt endra til stor import av matvarer frå andre verdsdelar. Modellen gjer Møre og Romsdal sårbare for både politiske og klimatiske endringar, og avhengige av globalt knappe ressursar som vatn og fosfor, heiter det i meldinga.

Høyringsfristen er satt til 18. april.