– Når fleirtalet i Høgre vil fjerne sidemålet, fjernar dei kunnskap om kulturarv, identitet, språk og kultur både frå bokmåls- og nynorskelevar. Det er også slik at dei over 75.000 elevane som veks opp med nynorsk hovudmål, treng å møte til dømes lærarar, prestar, juristar som også kan nynorsk. Høgre sin politikk fjernar denne kompetansen frå samfunnet, seier Magne Aasbrenn, leiar av Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Likevel er Mållaget glad for at nynorskopposisjonen markerte seg godt på landsmøtet i Høgre.

– Eg synest det er underleg at eit parti som så tydeleg snakkar om kunnskap i skulen, er i stand til å føreslå at 85 prosent av elevane ikkje skal få kunnskap i skriftleg nynorsk, seier Aasbrenn.