– Vi er godt i gang med førebuingane. I helga fekk vi merka store deler av trasèen.  Det er fantastiske forhold i fjellet, og lovande vermelding, opplyser Johan Olai Svidal i arrangementsnemnda for toppturkonkuransen på ski.

Sju toppar

Det er om lag 90 påmelde. Dei aller fleste har meldt seg på i Stryn Rando 3000, det vil seie konkurransen som går over sju toppar med 3.000 høgdemeter.

– Arrangementet er både NM og KM for Sogn og Fjordane og Norgeseliten stiller på startstreken, opplyser Svidal.

Godt ver?

I tillegg er det to turklassar, ein lang trasè og ein kort trasè.

– Vermeldingene er gode fram mot helga. Snø dei første dagane og sol med skyer på laurdag, seier Johan Olai Svidal.

Han har tidlegare lova at dette skal vere «det råaste randonee-arrangementet i Skandinavia.»

Toppturkonkurransen vart arrangert for første gong i fjor, og har start og mål ved Stryn vinterskisenter.