Angrep frå begge sider

Geir Inge Lien (Sp) blir angripen frå begge sider for EØS-utspel.

Geir Inge Lien tar skuldinga om naivitet med stor ro  Foto: Jan Erik Røsvik

Nyheter

– Å tru at ein frihandelsavtale med ein union med over 500 millionar innbyggjarar vil kunne gi eit resultat som lille Norge fint kan leve med vitnar eigentleg om ein naivitet og mangel av forståing på korleis internasjonal handel og handelsregimer fungerer. Berre sjå kor vanskeleg det er for Storbritannia, sier Eirik Kursetgjerde (Ap).

I samband med at Senterpartiet i helga er samla til landsmøte i Trondheim, sa Lien i eit intervju i Sunnmørsposten fredag at han meinte det ville vere bra  for næringslivet i Møre og Romsdal å seie opp EØS-avtalen.

Han meiner at ein god frihandelsavtale ville vore ei betre løysing.

– Vi ynskjer oss ut av både EØS og Schengen-avtalen. Vi må få kontroll med våre eigne grenser og vi må ha kontroll med kven som oppheld seg her i landet, sa Lien. Han i dag partiets andrekandidat på lista til stortingsvalet, på plassen bak Jenny Klinge, og er ein av delegatane til landsmøtet frå fylket.

Provosert

Utspelet har provosert både arbeidarpartipolitikaren Kursetgjerde og Syver Hanken frå Høgre. I eit felles utspel går dei til motangrep på Vestnes-ordføraren. Dei meiner at Lien ikkje har forstått kor avhengig næringslivet i fylket er av EØS-avtalen.

Dei oppmodar Lien til å lytte til næringslivet før han kjem med slike utspel. Dei meiner Senterpartiet sitt standpunkt om EØS-utmelding er næringsfiendtleg og kan vere til skade for komande generasjonar.

– Senterpartiet må våge å sjå lenger enn til neste meiningsmåling og neste val. Ein berekraftig velferdsstat treng bedrifter som skapar verdiar, og dei bedriftene må ikkje bli offer for slik symbolpolitikk, seier dei i ei felles pressemelding.

Lien tar skuldinga om naivitet med stor ro. Han understrekar også at sjølv om Senterpartiet heile tida har vore motstandar av EØS-avtalen, så har det aldri vore aktuelt å hoppe ut av den utan fallskjerm.

– Vi må sjølvsagt bruke tid, og først ha på plass ein frihandelsavtale som vi meiner fungerer godt, slik vi no ser Storbritannia er i ferd med å gjere. Vi må sjølvsagt ta ting i rett rekkefølgje, seier Lien.