Slik blir framtidas omsorgstenester:

Lure løysingar gir lettare liv

Robotar og andre fikse hjelpemiddel vil bli ein stadig viktigare del av framtidas omsorgstenester. Velferdsteknologi handlar om å vere sjef i eige liv, sjølv om helsa sviktar.

Velferdsteknologi På denne danske sjukeheimen har dei automatisk toalett, slik at bebuarane kan klare toalettbesøk sjølv. Slike toalett er eit godt døme på velferdsteknologi – og skal visstnok vere standard på femstjerners hotell i Japan. Aurora Storhaug (18) (t.v.) og Linnea Blindheim (17) går andre året på helsearbeidarfag og ser nytta av velferdsteknologi, både for brukarar og for å lette tungt arbeid. 

Slike toalett er jo luksus

Kenneth Wiberg
Nyheter

Ein robot som støvsugar og ein annan som vaskar vindauga. Automatiske toalett som vaskar og tørkar. Elektriske senger og stolar. Dette er ikkje science fiction, men teknologi som finst allereie. Med moderne teknologi skal ein kunne vere mest mogleg sjølvhjelpt, lengst mogleg.