Nasjonal transportplan:

Lovar oppstart på fleire vegprosjekt

Regjeringa lovar oppstart på fleire store vegprosjekt i Møre og Romsdal dei neste åra.

NTP Frå framlegging av NTP i Molde onsdag. Frå venstre: Helge Orten (H), Frank Sve(Frp), Ola Betten (V) og Arild Iversen (KrF). 

Nyheter

Frp forsvarer 131 milliarder i bompenger

Regjeringen legger opp til å kreve inn 10,9 milliarder bompengekroner hvert år de neste tolv årene. Men bompengeandelen av veimidlene går ned.

Ein oppdatert Nasjonal Transportplan vart presentert av regjeringa i dag, mellom anna med ein pressekonferanse på Fylkeshuset i Molde.

– Eg er spesielt nøgd med at vi har fått mange prosjekt i Møre og Romsdal inn i første planperiode, seier stortingsrepresentant Helge Orten (H).

Dette betyr mellom anna snarleg oppstart av E 39 Betna- Vinjeøra- Stormyra på Nordmøre og to ulike prosjekt på E136 gjennom Romsdalen. Det er også sett av 200 statlege millionar til oppstart av ny innfartsveg til Ålesund i den første femårsperioden, som byrjar i 2018. Det gjer at bompengedelen på 1,4 milliardar kan leggast inn i første planperiode.

– Dette betyr at vi kan komme relativt raskt i gang med bypakken for Ålesund, seier Helge Orten.


Nasjonal transportplan
  • Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen presenterte onsdag regjeringens forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2018-2029.
  • Totalrammen er på svimlende 1.064 milliarder over tolv år, hvor 131 milliarder kroner skal kreves inn ved hjelp av bompenger.
  • De siste ukene har politikerne trålet land og strand rundt på Nordvestlandet og fortalt om lokale NTP-nyheter. Men det var altså først onsdag at selve stortingsmeldingen ble lagt fram for offentligheten. 
Han lovar og oppstart for Stad Skipstunnel før 2023.

– Det blir oppstart i første periode, og skipstunnelen blir ferdig i andre periode, seier Helge Orten.

Voldatunellen er med i NTP

Regjeringa har alt presentert fleire av godbitane i transportplanen. Ei av nyheitene i dag gjeld Voldatunnelen, som har kome inn i andre planperioden 2024–2029. Dette opnar for bompengar mellom Ørsta og Volda.

– Dette betyr at vi kan binde saman dei store vegprosjekta Kvivsvegen og Eiksundsambandet, seier ein nøgd Arild Iversen. Den tidlegare Volda-ordføraren representerte KrF på pressekonferanse i Molde.

Les siste saker om transportplanen her

Seks milliardar til Møreaksen

Dei verkelege store pengane skal brukast til fjordkryssingar på E39. Det første prosjektet i Møre og Romsdal er Møreaksen som ligg inne med seks milliardar kroner i andre planperiode.

– I nasjonal transportplan vert det også slått fast at Hafast er det neste fjordkryssingsprosjektet som står for tur etter Møreaksen, seier stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik i Frp i ei pressemelding.

I Molde var Framstegspartiet representert med fylkespolitikar Frank Sve, som var strålande nøgd.

– Dette er tidenes satsing på samferdsle i Møre og Romsdal. Og vi følger dei prioriteringane fylkestinget har lagt inn, seier Frank Sve.

Smp.no oppdaterer saka.

Her kan du lese fylkesvise tiltak for Møre og Romsdal

Her kan du lese fylkesvise tiltak for Sogn og Fjordane

Les Stortingsmeldingen her (ekstern lenke)