Regjeringa vil opne opp for catski

Trakkemaskiner kan snart få frakte pudderfrelste skituristar høgt til fjells. Forsøket gjeld i seks utvalde kommunar.

Pudder Det er slike forhold som gjer at skituristar gjerne vil setje utfor i urøyvd snø. Mange ønskjer også å sleppe unna oppoverbakkane til fots. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Eid kommune har i fleire år jobba for at Harpefossen skisenter skal få løyve til å frakte skifolk til fjells med trakkemaskin (sjå bildeserie).

– No ligg alt til rette for at catski på Harpefossen kan bli eit nytt opplevingsbasert reiselivstilbod som set Nordfjord og Vestlandet på verdskartet som vinterdestinasjon, seier ordførar Alfred Bjørlo i Eid i ei pressemelding.

Må vere nær alpinanlegg

Departementet foreslår nemleg ei endring i motorferdsellova og vil opne for ei forsøksordning.

Lovforslaget opnar ikkje opp for catskiing i norsk natur generelt, men for at seks forsøkskommunar kan få prøve ut ordninga i avgrensa trasear knytt til eksisterande alpinanlegg.

Ordninga vil gjelde i inntil seks år.

Skal vere i regulerte former

Bjørlo seier dette er eit lenge etterlengta gjennombrot for oppstart av tilbodet på Harpefossen.

Eid kommune har foreslått nettopp den modellen som regjeringa no legg fram som lovforslag, for å ivareta både skisport, reiseliv og natur ved å opne for catskiing i regulerte former.

Kommunen har jobba lenge for å få gjennomslag, og no trekkjer Bjørlo særleg fram arbeidet stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) har lagt ned i saka.

– Eg er glad for at regjeringa med dette kjem mellom anna Eid kommune og Harpefossen Skisenter i møte, seier Lødemel i pressemeldinga.