Kristina Kvistad Hustad (28) likar best å melde sol og finvêr, men når det trengst snakkar ho blidt i TV-ruta om både snøv, skodde, opplett og at «det blese».

28-åringen frå Sæbø ved Hjørundfjorden i Ørsta er TV2 si nyaste vêrdame, ho har vore å sjå på fjernsynsskjermen sidan desember i fjor.

– For meg er det sjølvsagt å bruke dialekten min også på jobb, og eg er veldig konsekvent når det gjeld språket. Språket mitt er ein stor del av identiteten min, og eg tek med mykje meir nær av om eg får kritikk for korleis eg snakkar, enn om nokon seier eg er rar på håret eller at eg har på meg ein stygg kjole, seier Kristina.

(saka held fram under biletet)

Ho tenkjer at når ein er på TV så representerer ein på ein måte staden ein kjem frå, og då er det naturleg å bruke orda og seiemåtane frå heimstaden. Dei som gjer seg vanskelege og seier dei ikkje forstår, kan sende ein e-post og spørje, så skal ho heller forklare.

I studio

– Glinsa ej? E det fortsatt mandag?

Kristina ristar laus med bein og armar. Ho er i studio i TV2-huset i Bergen, for opptak av 18.30- og 21-vêret. 28-åringen må kunne utanboks det ho skal seie, og heile vêrmeldinga vert filma i eitt strekk. Det er ikkje rom for klipping, så om det går i ball må ho starte på nytt.

– Anne. Mellom skyene. Sjåarbilde.

Vêrdama frå Sæbø puggar stikkord og skjer ein siste grimase før ho tek på seg sitt finaste smil. Kamera går. Kristina balanserer nesten 180 cm på svarte stilettar framfor ein såkalla blåskjerm (blue screen), medan ho peikar ut i lause lufta. For TV-sjåarane ser det ut som om ho peikar på vêrkartet. Austlandet, Sunnmøre, nord for Trondheimsfjorden, Finnmark. Handa til Kristina flyt fint frå stad til stad.

– Eg jobba lenge for å finne ut av det med peikinga, det var skikkeleg vanskeleg å få til.

(meir å lese under biletet)

Nytt fag

Før ho kunne ta til som vêr-anker hadde Kristina ein månad med opplæring. 28-åringen er ikkje meteorolog, så ho måtte lære seg eit heilt nytt fag. Då ho fekk innblikk i alt ho måtte kunne, vart ho overvelda og tenkte først at ho ikkje kom til å klare jobben.

– Hovudet mitt var fullt av vêr-relaterte tankar heile tida. Eg drøymde faktisk at eg melde vêret naken, ler ho.

Men etter fire månader som vêrmeldar kjenner Kristina at ho no kan sleppe skuldrene litt ned. No tek jobben til å verte gøy.

– Det er tøft nok å skulle gjere ein heilt ny jobb. I tillegg veit du at halve Norge sit og ser på deg, seier ho.

(saka held fram under biletet)

På kafé – Eg er ikkje så godt kjend i Bergen, eg er her berre når eg jobbar. Dei fleste venene mine bur i Oslo, så eg tviheld på livet mitt der, seier Kristina.

I starten av vêrdame-karrieren fekk Kristina mykje tilbakemeldingar frå TV-sjåarar, mange av dei heimanfrå. Omtrent alle var positive, dei heia på Kristina. Framleis får ho både e-post og meldingar på Messenger, så mange at ho ikkje kan ta seg tid til å svare på alle. Etter kvar vêrsending ho har, får ho minst eit par førespurnader om vennskap på Facebook.

– Nokre skriv at eg er flink, at eg er fin, og at dei kan tenkje seg å verte kjend med meg. Ein spurde om vi skulle gifte oss og flytte til Sæbø, han hadde tydeleg lest seg opp, smiler Kristina.

Ei vakker og dyktig vêrdame med strålande smil og sjarmerande dialekt har naturleg nok si tiltrekkingskraft, men 28-åringen synest ikkje merksemda er plagsam. Ute på byen kan ho få spørsmål om ho er «ho der vêrdama», men på gata får ho gå i fred.

– Av og til synest eg folk stirar litt, og eg tek til å lure på om eg har noko i ansiktet. Men det er berre hyggjeleg å verte attkjend, altså.

Studentpraksis

Det var medan ho var journalistikkstudent i Volda at Kristina kom i kontakt med TV2. Ho hadde praksis i underhaldningsprogrammet «God morgen, Norge», og fann seg fort til rette i redaksjonen i Oslo. Eigentleg ville Kristina verte nyheitsjournalist, men så vart ho henne som lagar gode saker om dyr og ungar.

(meir å lese under biletet)

Heime Kristina oppdaga først kor flott det var heime i Hjørundfjorden etter at ho flytta derifrå. Her er ho på toppen av Skårasalen (1542 m.o.h.). Privat foto

Då ho var ferdig med studiane i 2013 fekk ho halde fram med å jobbe som reporter, researcher og med sosiale media i «God morgen, Norge», og no omtalar ho redaksjonen som si andre familie.

– Folka som jobba der er dei beste, dei omfamna meg og gjorde meg til den journalisten eg er. Eg fekk mellom anna prøve meg på live rapportering, og oppdaga at det var dritgøy! Eg har hatt det så bra i «God morgen, Norge», alle der er så samansveisa og vil kvarandre berre godt, fortel Kristina, som også har jobba med «God kveld, Norge» og «God sommer, Norge».

Då det vart klart at ei av vêrdamene i kanalen skulle slutte, vart Kristina oppmoda av vêrsjef Eli Kari Gjengedal om å søkje på jobben som vêr-anker. Sæbø-jenta fekk altså jobben, og vêrsjef Gjengedal har tidlegare sagt til VG at ho synest Kristina sit som eit skot i TV-ruta.

Pratmakar

Draumen om å vere på TV har Kristina hatt lenge. Då ho var 11–12 år tok ho til å spele teater, og ho fann fort ut at ho elska å stå på scenen. Ho har alltid snakka mykje, og Kristina hugsar spesielt godt ein episode på ungdomsskulen der ein lærar fekk nok av pratinga hennar og bad henne om å vere stille.

(saka held fram under biletet)

TV2-familien Kristina (t.h.) saman med Vår Staude og Morten Sandøy i «God morgen, Norge»-redaksjonen i TV2. Privat foto

– Eg gav beskjed om at han nok måtte vente til eg tok til å jobbe i TV – då kunne han berre skru av lyden.

Den høgreiste 28-åringen er ferdig med dagens vêrjobbing og skiftar frå skinnskjørt og høge hælar, til joggesko og dongeribukse. Bakpå den blåstripete skjorta hennar kan ein lese «Hello sunshine». Kristina likar sommar og sol aller best, men ho er svært glad i årstidene vi har i Norge.

– Heimanfrå er eg van med at pappa sjekkar vêrmeldinga heile tida, og eg har blitt slik sjølv også – vêret har mykje å seie for oss vestlendingar. Austlendingar derimot forstår ikkje like godt at vêr kan vere så avgjerande.

Aust og vest

Kristina bur både på Austlandet og Vestlandet no. Berre nokre månader før ho fekk vêrjobben i Bergen, kjøpte ho seg leilegheit i Oslo. Det er i hovudstaden ho har dei fleste venene sine, og ho såg føre seg at det var der ho kom til å vere framover. Men så vart det vêrjobb i Bergen, og pendling mellom dei to byane.

– For å snakke endå litt meir om vêret. Eg kjenner meg nesten som to ulike personar for tida. Her i Bergen har eg regnkleda mine, og eg pakkar meg inn og er alltid budd på nedbør når eg går ut. I Oslo pyntar eg meg meir, alle dei fine designarveskene mine er der, for dei toler ikkje vatn. Designarvesker er mi «guilty pleasure», fortel Kristina.

Men Bergen og Oslo til side – det er Sæbø som er heime for Kristina. Den vesle bygda ved Hjørundfjorden, med majestetiske sunnmørsalpar på alle kantar. Der vaks ho opp med foreldra og ei veslesyster, det var trygt og godt. Dei tydelegaste barndomsminna handlar om fine somrar og badetemperaturar, men Kristina innser at det kanskje ikkje alltid var like godt sommarvêr som ho hugsar.

– Naturen heime er heilt fantastisk. Eg saknar å stå opp og sjå Slogen frå stoveglaset. Men eg oppdaga i grunnen ikkje kor flott det er på Sæbø og Sunnmøre før eg flytta derifrå. Eg stortrivast i byen og er på mange måtar ei byjente, men det er veldig godt å kome heim, synest ho.

Nysgjerrig og rettferdig

Kristina Kvistad Hustad trur at somme vil seie at ho er irriterande nysgjerrig. Ho spør og grev og googlar for å finne svar på ting ho lurer på. 28-åringen har ein sterk rettferdssans, og ho er oppteken av gjere ting skikkeleg. Ho elskar høgder, likar å klatre og har planar om å hoppe i fallskjerm under Ekstremsportveko på Voss. Kristina trivast med høgt tempo og mykje jobb, men noko av det beste ho veit er å liggje på sofaen og sjå ein bra serie eller film på Netflix – og det er ikkje romantiske komediar det går i – det hatar ho.

– Eg elskar blod og gørr, men det treng du kanskje ikkje å skrive, hehe. Eg kunne lett ha blitt sjukepleiar eller lege.

– Om eg dansar? Ja, visst eg blir full nok, hihi. Matlaging? Oj, nei det blir ikkje så voldsomt når ein bur åleine. Men det er ei knallbra sushisjappe like ved leilegheita mi i Oslo, så eg klarer meg. Og å lage mat og drikke vin saman med venene mine, det likar eg veldig godt.

Vêrdama frå Hjørundfjorden er godt nøgd med kvar livet har ført henne så langt. Ho har aldri heilt visst kva som er draumejobben hennar, men ho veit at ho har lyst å halde fram med å jobbe med media. Kristina ønskjer å skape innhald, fortelje dei gode historiene, underhalde.

– Eg vil gi folk godt vêr.