Møtte asylsøker frå Fosnavåg i Paris:

– Eg berre reiser frå land til land

17 år gamle «Sadeq» stakk av frå asylmottaket i Fosnavåg av frykt for å bli sendt tilbake til Afghanistan. No oppheld han seg i Paris, saman med ei stor gruppe andre afghanske unge menn.

Møtte «Sadeq»: Journaliststudentane Helene Rossholt og Michael Karenga Svae ved Høgskulen i Volda har oppsøkt miljøet av unge afghanske asylsøkjarar i Paris. Her intervjuar dei «Sadeq» saman med NRK-korrespondenten Phiilp Lote. Foto: NRK 

Vi møtte overraskande mange som snakka norsk

Michael Karenga Svae
Nyheter

I oktober fekk «Sadeq» avslag på asylsøknaden. Då vart han intervjua av Sunnmørsposten i Fosnavåg.