Regjeringa, og kommunalminister Jan Tore Sanner, foreslo rett før påske å overføre fleire oppgåver frå staten til kommunane. Det mest handfaste er retten til å vigsle dei som vil gifte seg borgarleg. Men det er også oppgåver av typen «ansvar for å gi økonomisk hjelp til bustadetablering og bustadtilpassing».

Frå før er det bestemt at tannhelse blir ei kommunal oppgåve, og at kommunane får auka ansvar for barnevern.

Kritisk rådmann

Volda-rådmann Rune Sjurgard fryktar at mange av dei nye oppgåvene betyr meirarbeid for kommunane utan at det følger med auka løyvingar.

– Det er viktig å unngå at dette vert tidstjuvar som legg beslag på administrasjonsressursar på kostnad av prioriterte oppgåver i kommunane, seier Sjurgard, som også sit i det sentrale rådmannsutvalet i Kommunenes Sentralforbund.

– Lite effektivt

Når dei små og til dels byråkratiske oppgåvene vert spreidde utover kommunane vert det dyrare for samfunnet, meiner Sjurgard. For staten har stordriftsfordelar.

– Når oppgåvene vert oppsplitta og midlane skal fordelast på kommunane over rammeoverføringa, vert dette meir eller mindre mikroskopisk per kommune. Oppgåvene vil krevje administrativ innsats, og ein kan vere uroleg for om oppgåveoverføringa vert underfinansiert, seier Rune Sjurgard.

– Eg trur ikkje det er effektivt. Samstundes seier staten at dei har eit opplegg for å fjerne statlege tidstjuvar, og kommunane skal jobbe meir effektivt. Men her går ein i feil retning, seier Sjurgard.

– Nyttar staten høvet til å kvitte seg med tidkrevjande og upopulært arbeid?

– Ein kan i alle fall få inntrykk av at direktorat og statlege institusjonar har fått høve til å rydde skuffene sine.

– Vil ikkje kommunane ha fleire oppgåver?

– Det er fornuftig der det tener innbyggarane at avgjerder vert tatt på lokalt nivå, men der det handlar om å gjere rutineoppgåver, og standardiserte oppgåver kan det like gjerne liggje sentralt.

Sjurgard foreslår at Direktoratet for forvaltning (DiFi) set i gang ei kartlegging for å vurdere kostnadene ved oppgåveoverføringane.

– Dette må konsekvensutgreiast, for å sjå kva det inneber av meirarbeid for den einskilde kommune, seier Sjurgard.