Geolog: – Kan gå fleire ras

Raset som gjekk i Geiranger måndag viste att på målingane på Åknes.

Geolog Lars Blikra. 

Nyheter

– Vi var i Geiranger i går og tok ein del bilde, og skal ut att i kveld for å undersøke og ta fleire bilde, seier geolog Lars Blikra i NVE til Smp.no tysdag kveld.

Geologane er interessert i å analysere kor stort område som gjekk ut, og evaluere mot kva som er att i fjellet.

– Vi treng litt meir informasjon og vil undersøke om det kan vere noko større i vente. Vi har ikkje indikasjonar på dette no, men kan ikkje sjå bort frå at det vil gå fleire ras, seier Blikra.

Såg raset Frå fjellgarden Skageflå tok Svein Liljevold dette bildet av steinraset måndag. Til høgre i bildet er dei kjende fossefalla Dei sju systrene.   Foto: SVEIN LILJEVOLD

– Er dette eit varsel om at det kan kome fleire ras?

– Det er jo ei bratt fjellside, men raset som gjekk måndag var stort til å vere ei sånn fjellside. Det er difor vi vil følgje det opp. Ofte er det slik at det kan kome fleire ting etter kvarandre, seier Blikra.

– Men det skal mykje til for at det skal gå eit større ras enn dette.

Viste att på målingar


Steinraset registrert over heile Sør-Norge: – Eg tok meg sjølv i å tenke: «Er dette nok til å utløyse Åkneset?»

Steinraset som gjekk i Geirangerfjorden måndag blei registert på målestasjonar over heile Sør-Norge.

Raset som gjekk måndag var stort nok til at det blei registrert på målestasjonar over heile Sør-Norge.

Raset viste også att på instrumenta som overvakar Åkneset.

– Det vart registrert som eit lite jordskjelv, med målingar på 2 på Richters skala, seier geologen.

– Men området dette raset skjedde på er langt unna Åkneset, og har ingen samanheng med dette.

Steinmassene raste ut i Geirangerfjorden:

Ras skapte bølge inn mot Geiranger

Mandag ettermiddag raste store steinmasser ned i Geirangerfjorden. – Vi hørte høye smell fra fjellsida og så steinblokker som raste nedover fjellet, sier Mathias Etnestad, som fanget raset på film.


Åtvarar

Blikra åtvarar padlarar og folk i båt om å halde avstand til fjellsida.

– I går spruta det stein ganske langt ute i fjorden. Men også generelt kan det slå laus stein, så ein skal vere varsam. Det gjeld uansett, seier Blikra.

– Det er jo folk som har omkome slik før.

Men å gå tur, for eksempel frå Skageflå, skal vere trygt, seier han.

– Ja, dette er eit ras som har gått i eitt område.