Systemleveransen frå Brunvoll består av gir- og propellanlegg, sidethrustarar, ror og styremaskin, og styresystem.

- Framdriftssystemet bygd for hybrid framdrift er eit twin screw gir- og CP-propellanlegget med PTI-funksjon for elektromotor/generatordrift. Framdriftssystemet er designa for diesel-mekanisk-, elektrisk- eller batteri driftsmode.

Roret er eit integrert system mot propell og skrog for optimal driftsøkonomi. Thrusterpakken består av 2 FPP tunnel thrustarar og ein RDT permanent magnet dreven tunnel thruster.

Leveransen inkluderer styresystem for framdrift, posisjonering og manøvrering, skriv Brunvoll i ei pressemelding.

Banebrytande

- Kontrakten er den første komplette systemleveransen frå Brunvoll, Brunvoll Volda og Brunvoll Mar-El i fellesskap. Vi er stolte over å ha blitt valgt som leverandør til dette skipet som også er tildelt «Next Generation Ship Award» på NorShipping i Oslo, seier Pettersen.