Kanskje ikkje så rart at det vert nynorsk namn på serien som til dels er spelt inn i Ulsteinvik. Ifølgje Nrk Møre og Romsdal er det språksjef i Nrk, Ingvild Bryn, og Sunnmøre Mållag som har argumentert for at serien som opphaveleg skulle heite «Hjemmebane» måtte få eit nynorsknamn då den er spelt inn i eit nynorskområde.
Ei rekkje lokale skodespelerar har roller i serien, og hundrevis av statistar har delteke på innspelinga.
Serien handlar om opp- og nedturane til den fiktive fotballklubben Varg. Ane Dahl Torp spelar første kvinnelege trenar i eliteserien, medan Carew skal spele ein fotballproff som kjem tilbake frå utlandet for å avslutte karrieren i Norge.
Serien har eit budsjett på 70 millionar.
Les òg: Rune passa eigentleg ikkje inn i manus. No er han supportersjef i tv-serien «Hjemmebane»