Kvinne og barn til sjukehus etter utforkøyring

Trafikkulykke på riksveg 15 ved Kjøs bru i Hornindal.
Nyheter

Ei kvinne og eit barn er køyrd til sjukehus etter ei trafikkulykke ved Kjøs bru, melder politiet i Sogn og Fjordane.

– Kvinna køyrde utfor vegen. Tilstanden til dei to er ukjend, vi har enno ikkje fått noko tilbakemelding frå AMK, opplyser politiet i Sogn og Fjordane til smp.no.

Tidleg søndag kveld var tilstanden til dei to framleis ukjent, og politiet hadde førebels liten oversikt over korleis ulukka skjedde.

Les også: Brannsjef rosar dei første på ulukkesstaden

Ifølgje Fjordingen skjedde ulykka på riksveg 15 mellom Kjøs bru og avkøyringa til Jutedalen. Dei to som sat i ulykkesbilen var oppegåande og ute av bilen då ambulansen kom. Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.17.