Stordal og Norddal skal få nytt kommunenamn

Blir dette Stormøre kommune?

Stormøre, Landrik, Ormula eller Godfjord? Kommunestyra i Stordal og Norddal har vedteke at dei to kommunane skal gå saman til ein ny kommune frå 1. januar 2020. Men kva skal han heite?

Valldal Blir Valldal ei bygd i Stormøre kommune? 

Nyheter

Dei to kommunane har gjennomførd ein namnekonkurranse, og det kom inn over 60 forslag.

Fellesnemnda for den nye kommunen skal kome med sitt forslag til namn, og så skal namnevalet drøftast i eit felles kommunestyremøte, før kvart einskild kommunenstyre gjer sitt vedtak.

Her er namneforslaga:

Linge, Storvall, Storvalla, Stornord, Nordstad, Storstrand, Stormøre, Landrik, Fjell, Fossefall, Ormula, Blåtind, Hove, Stevn, Skogstad og Samdalsli.

Dal, Dale, Dalane, Dalvik, Helgdal, Helgedal, Snordal, Fjelldal, Sjødal, Skogdal, Bødal, Elvadal, Soldal, Pardal, Nydal, Sunndal, Stornnorddal, Langdal, Rosedal, Rosdal, Herdal og Ordal.

Fjord, Fjorden, Fjordane, Fjorddal, Fjordvall, Fjordfin, Fjorddalane, Fjordblomst og Fjordstor.

Nordstorfjord, Dalsfjord, Dalfjord, Storfjord, Storfjorden, Indre Storfjord, Tafjord, Vestfjord, Vetsfjorden, Lingefjord, Nordfjord, Stornordfjord, Blåfjord, Godfjord, Sunnfjord, Indrefjorden, Finfjord, Dantefjord, Javlafjord og Fjellfjord.