Bakketunet på Bjørke

Fyller tunet med fargar og forteljing

– Tunet har aldri vore i betre stand. Og no håpar eg det kan stå i 500 år til, smiler Marita Bett Aakre og inviterer inn i Bakketunet på Bjørke.

Krafta får vi fram når vi lever og møter ulike utfordringar

Marita Bett Aakre
Nyheter

– Fjella og bygningane er dei same. Eg likar å kjenne etter kva forfedrane mine har følt, og plutseleg ser eg at det er dette eg brukar i bilda mine, seier Marita Bett Aakre og viser inn i kufjøsen, der fleire oljemåleri er komne opp på veggane.