Bak ligg Grytafjorden og blenkjer i sommarsola. Og det er berre to mål med skog det er strid om.

– Om vinteren kan vi så vidt sjå fjorden mellom trea, fortel Olav Skogvoll.

Han var ein av dei som kjøpte hus i Trolldalen i Haram for tre år sidan. Det gjorde han fordi utbyggjaren, Lampholmen, lovde at den vesle skogflekken framfor husa skulle fjernast.

Lovnaden kom på eit møte i Eidet kulturhus i 2014 med rundt 40 menneske til stades, ifølgje Skogvoll.

Les fleire saker frå Haram.

Lovde at skogen skulle vekk

– Eg sa nok til alle som spurde den gongen at skogen skal takast, seier prosjektleiar Mads Tollås Nation.

Trolldalen i Eidsvika har vore eit prestisjeprosjekt for Lampholmen. Framleis har byggefeltet ein framståande plass på nettsida deira.

Fjorden Omtrent slik kunne det ha vore. Bak den vesle skogflekken er det utsikt over Grytafjorden.

For over eit år sidan sende styret i Trolldalen velforeining eit brev til Lampholmen for å minne om skogen som ikkje er tatt.

– Det einaste svaret vi har fått er at dette skal Mads ta seg av, ifølgje Olav Skogvoll.

Påstand mot påstand

Tollås Nation i Lampholmen legg ikkje skjul på at han er inderleg lei heile konflikten.

Han påstår at Lampholmen I 2014 gjorde ein munnleg avtale med skogeigaren om at skogen kunne takast.

– Vi gjekk gjennom skogen og gjorde ein avtale om at vi kunne ta store delar av skogen, men at nokre tre skulle stå, hevdar Tollås Nation.

Men grunneigaren, Tor Inge Myren, hevdar at han ikkje har gjort nokon avtale med Lampholmen.

– Eg har ikkje lovt Mads Tollås Nation noko som helst. Vi gjekk ein tur på gangvegen og såg ned på skogen. Men nokon avtale er ukjend for meg. Etter februar 2015 har all kommunikasjonen mellom oss vore på e-post, svarer Myren.

Interaktivt bustadkart: Dette blir bustader seld for i ditt nabolag

Dialog

Kvifor dei etter tre år ikkje har kome til semje? Det kjem ikkje klart fram. Han var ein av seks grunneigarar av området der Lampholmen no byggjer ut. I salsprosessen vart det litt krøll mellom grunneigar og utbyggar.

– Eg følte meg dårleg behandla, seier Myren.

Den vesle skogsteigen går bratt ned til elva eller kanalen. Myren antydar at det kanskje er erosjonsfare dersom skogen blir fjerna.

Både utbyggjar og skogeigar beklagar overfor dei som har kjøpt hus.

– Eg har bode grunneigaren ein sum. Men eg vil ikkje ha summen på trykk, seier Tollås Nation.

– Eg har ikkje sagt meg uviljug til å selje arealet, men då må eg få eit seriøst tilbod, seier grunneigar Tor Inge Myren.