Tiltalt for skadeverk i Eid kyrkje

Ungdom får millionkrav etter å ha øydelagt kyrkjeorgel

Ein mann i 20-åra frå Sunnmøre er tiltalt for å ha øydelagt orgelet og tømt eit brannsløkkingsapparat i Eid kyrkje. Han risikerer å måtte betale godt over ein million kroner i erstatning for øydeleggingane.

Hærverk Kyrkjeverje Kristen Hundeide fortvila etter at Eid kyrkje blei utsett for omfattande hærverk i november i fjor. Orgelet måtte reparerast og kyrkja stengast for nedvask. Eit pulverapparat blei tømt og fint støv la seg utover i kyrkja. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Natt til 24. november i fjor blei Eid kyrkje på Nordfjordeid rasert av uvedkomande som tok seg inn i kyrkja ved å knuse eit vindauge.

Ein ung mann frå søre Sunnmøre tilstod etter kort tid ugjerninga.

Varetektsfengsla fram til sommaren

Altertavla ramma

No er mannen tiltalt for grovt skadeverk i Eid kyrkje, samt ei rekkje andre forhold.

Ifølgje tiltalen tømde mannen brannsløkkingsapparatet inne i kyrkja, slik at store delar av kyrkja, blant anna altertavla, blei dekt av pulver.

Millionerstatning

Vidare bøygde han eller knekte av fleire av pipene på kyrkjeorgelet, samt sølte oljeliknande væske fleire stader i orgelrommet og på sjølve orgelet.

Kostnadene med å reparere skadene er stipulert til over ein million kroner.

Den unge mannen er også tiltalt for grovt skadeverk mot to kommunale leilegheiter i Volda. I mars i år skal han åleine eller saman med andre ha rasert to leilegheiter ved blant anna å knuse vindauge og dører, og å øydelegge sikringsskåp og inventar.

Skadene her er stipulert til 100.000 kroner.

Samla vil det ifølgje tiltalevedtaket bli lagt ned påstand om at mannen må betale 1,25 millionar kroner i erstatning.

Hus med sovande familie

Mannen er også tiltalt for å ha teke seg inn til ein familie i Volda og stole ein forsterkar. Dette skjedde medan familien sov.

Han er også tiltalt for å ha sparka og skalla til ein politibetjent og for å ha kome med drapstruslar mot politiet.

Vidare er han blant anna også tiltalt for tjuveri av øl og andre varer, tjuveri av medisin på sjukehuset og for utagerande åtferd på ein utestad.

Saka kjem opp i Søre Sunnmøre tingrett 20. og 21. september.


Knuste orgel og sprayet ned kirke med pulverapparat:

Varetektfengsles fram til sommeren

En ung mann fra Sunnmøre må sitte fengslet fram til 1. juni, mistenkt for en rekke alvorlige forbrytelser.



Opnar etter skadeverk

Eid kyrkje, som for to veker sidan vart utsett fot skadeverk, opnar igjen til konserten med Ytre Suløen på torsdag.



Sunnmøring har tilstått hærverket i Eid kyrkje

Ein 20-åring frå søre Sunnmøre har tilstått hærverk i Eid kyrkje natt til torsdag.



Omfattande hærverk i Eid kyrkje

Knuste orgel og spraya kyrkja ned med pulverapparat

Eid kyrkje har fått omfattande skade etter hærverk natt til torsdag. Rekninga kan ende på ein stad mellom 1,5 og 2 millionar kroner.