Mærsk Mariner overlevert frå Kleven

Bygg nummer 383 frå Kleven Verft er døypt og overlevert.

  Foto: Tor Erik Kvalsvik/Kleven

Nyheter

– Mærsk Mariner vart 6. juli overlevert til Maersk Supply Service, som fartøy nummer to i ein serie på seks ankerhandteringsfartøy verftet har under bygging for selskapet, melder Kleven i ei pressemelding.

Gudmor var Volia Santos Nielsen under dåpen ved kaia på Kleven Verft.

Skipet blir omtalt som ein ankerhandteringskjempe med ei lengde på 95 meter. I helga går skipet, som er bygd for operasjonar på store djup, frå verftet med kurs mot Australia.