Ordførar vil ha satsing på turistvegar:

– Må ikkje få ry på oss for å vere eit farleg land å reise i

Styresmaktene må vise større ansvar for å sikre nasjonale turistvegar betre, meiner Norddal-ordførar. Rapport etter dødsulukke gir støtte til argumentet.

Bidrog til ulukka Rapporten frå havarikommisjonen meiner vegstandarden bidrog til dødsulukka med ein ukrainsk buss i fjor. Det blir også etterlyst risikovurdering av heile turistvegen. Arkivbilde   Foto: Odd-Sølve Grannes

Nyheter

Torsdag kom rapporten som slår fast at ei innsnevring som ikkje var skilta, bidrog til dødsulukka i Valldal i juli fjor. Ein person missa livet og to blei alvorleg skadd då ein buss med ukrainske turistar enda på taket utfor vegen, etter eit samanstøyt med ein personbil.