– Syklisten kom i retning vestover og kolliderte med søppelbilen som stod i køyrebana med fronten austover. Sannsynlegvis har søppelbilen stått i ro, seier politiførstebetjent Lisbeth Engesæter ved Eid lensmannskontor til avisa.

Ho seier politiet vil halde fram med tekniske undersøkingar. Det er i samråd med familien at politiet går offentleg ut med namnet, opplyser Engesæter til Fjordingen.