Hornindalsvatnet maraton:

Lokale tok sigeren

Løparar frå ni ulike nasjonar deltok i Hornindalsvatnet maraton, men førsteplassen vann lokale.

SIGER Helge Hafsås vann for 21.gong, og hadde nytt årsbeste i går.  

Nyheter

Maratonløparen Helge Hafsås frå Olden Idrettslag tok førsteplassen med tida 2.55.26. Av kvinnene var det Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven Idrettslag som vann med tida 3.40.46, på maratondistansen.

Løp sitt hundrede løp

Både Signy Henden Rustlie og Geir Jensen løp sitt hundrede maraton på Hornindal. Signy Henden Rustlie frå Lørenskog Friidrettslag kom inn på tida 5.55.52, førsteplass i si aldersgruppe, kvinner 75–79 år. Geir Jensen sprang på tida 3.28.05, tredjeplass i si aldersgruppe, menn 50–54 år.

– Det var flott ver og god stemning, seier Ståle Hatlelid frå Hornindal Idrettslag.

Distansane 10 kilometer, minimaraton, halvmaraton og maraton vart arrangert på laurdag.

– Totalt var det 180 personar frå ni ulike nasjonar som deltok på dei ulike løpa, fortel Hatleid.

Hundre løp Signy Henden Rustlie løp sitt hundrede løp under Hornindalsvatnet maraton.  Foto: Irene Lødemel

Resultatliste

10 kilometer:

Kvinner: Kristine Vartdal frå Jessheim, 45,08 minutt.

Menn: Erik Johannessen Skrede frå Førde Idrettslag, 36,32 minutt.

Maraton, 42,195 kilometer:

Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven Idrettslag, tida 3.40.46.

Helge Hafsås frå Olden Idrettslag, tid: 2.55.26.

Halvmaraton:

Esther Innselset frå Hamar Idrettslag, tid: 1.31.31.

Magnus Alsaker frå Ranheim Idrettslag, 1.20.55.

Minimaraton, 4,2 kilometer:

Laura Haugen frå Hornindal Idrettslag vann med tida 24,11 minutt.

Emil Innselset Nordeng frå Hamar Idrettslag vann med tida 16.10 minutt.



Full pott på hjemmebane

Inge Asbjørn Haugen har fullført alle maratonløp i Hornindalsvatnet rundt.