Olje og energiminister Terje Søviknes har ansvaret også for ras og naturbaserte ekstremsituasjonar i kongeriket Norge. Onsdag i middagstider kom ministeren med helikopter til den flaumråka bygda Innvik i Stryn kommune. Han landa nærast midt oppi vrakrestane etter ekstremflaumen natt til sist måndag.

– Enorme krefter

– Det eg her får sjå gjer eit veldig inntrykk. Naturkreftene kan vere heilt enorme, når dei slepp seg laus som i dette tilfellet, seier Søviknes til smp.no. Han vitja først bygdelaget Bruland, ca. to kilometer vest frå Utvik sentrum. Der var eit gardsbruk nesten utsletta av skadane. Likevel fekk ministeren låne tørre vernestøvlar her, til den vidare turen gjennom sentrum.

Vanskeleg å varsle

Og vernestøvlar kan nesten trengast, alle skadane er vanskeleg å skildre oppetter fjellsida her. Nokre i synfaringsfølgjet er kritiske til at eit slikt ekstremvêr ikkje kan varslast betre på førehand.

– Mi oppfatning er at det vil vere nesten uråd å vere presis på melding av eit så ekstremt lokalt ekstremvêr som i dette tilfellet. Det er ikkje gitt korkje meteorologar eller lokalkjende, vurderer Søviknes.

Vil vurdere statshjelp

Til det uunngåelege spørsmålet om staten no er villig til å gå inn med ekstramidlar for å rydde opp, er ikkje ministeren korkje konkret lovande – eller direkte avvisande.

– No må vi snarast inn i ein diskusjon om korleis ein best bør gripe dette an for å få basisfunksjonane i bygda opp og gå att. Dernest kjem diskusjonen om finansiering. Det gjeld så vel vegstrukturen som alle dei andre tinga. Eg ser ikkje bort frå at staten kjem til å gå ekstra inn her, sa Søviknes.

Innser klimaendringar

Olje- og energiministeren varsla samstundes at han ikkje forkastar tankane om konkrete og høgst merkbare klimaendringar også i Norge.

– Nei, eg er dessverre sikker på at vi vil få sjå fleire utslag av ekstremvêr i landet vårt i tida framover, som ein konsekvens av klimaendringar, medgjev Søviknes.

– Må auke førebygginga

I forlenginga av denne utsegna varslar han også auka satsing på førebyggjande tiltak frå myndigheitene.

– Det er no heilt klart at vi må aktivt inn og auke førebygginga i mange vassdrag, ikkje minst i mange små og bratte vassdrag.

Møtte dei hardast råka

– Siste åra har løyvingane til NVE auka gradvis, og er no oppe på 385 millionar kroner siste året, påpeikar Søviknes.

Han tok seg onsdag god tid til å møte fleire av dei hardast råka etter skadeflaumen i Innvik. Han hadde også eit lukka møte med ordførar Sven Flo og ulike etatar innan berging og beredskap i Stryn kommune.