Oppretta fond for oppattbygging av tilbod til barn og unge

Under gudstenesta i Utvik søndag blei det samla inn pengar til eit nytt fond øyremerka oppattbygging av tilbod for born og unge i bygda.  Foto: Arkivfoto: Samferdselsfoto

Nyheter

(Fjordingen): Utvik Vel og Utviklingslag har oppretta eit fond, der pengane skal gå til å byggje opp att tilbod til born og unge i bygda. Flaumen i bygda for ei veke sidan raserte viktige tilbod dei unge hadde i sentrum.

Under gudstenesta søndag, som var spesielt retta inn mot flaumsituasjonen, gjekk offergåva til dette fondet. Kari-Anne T. Haveland i Utvik sokneråd fortel til Fjordingen at det kom inn 10.710 kroner i offergåve.

Ho takkar alle som var med og deltok under gudstenesta.

Saka var først publisert i Fjordingen